OM OSS
HISTORIE
​
I løpet av forrige århundre skulle møbelindustri bety mykje for Hardanger-regionen, og Øystese og omegn spesielt. Fokuset var størst kring tremøblar, og mykje av arbeidet var handarbeid. Respekt for fin material og godt handarbeid skapte gode tradisjonar og god grobunn for vidare møbelindustri.
​
Torpe Møbelfabrikk AS tok til i 1944 då Trygve Torpe, saman med bror sin Hans, starta å produsere møblar for vidaresalg på Vavollsaga i Øystese i Hardanger. I oppstarten var arbeidet også her prega av handarbeid og liten produksjon. Etterkvart vart behovet for større grad av automatisering klart, og resultatet vart, etter fleire byggetrinn, eit 5500 kvm produksjonslokale med moderne produksjonsutstyr. Sjansen er god for at entan bordet du er i ferd med å byte ut, alternativt naboen sitt, er eit Torpe-bord.
​
I dag gjer Torpe Møbelfabrikk alt trearbeid i form av halvfabrikat i utlandet. Me ferdigstillar framleis alle møblane i produksjonslokala våre i Øystese, Hardanger. Slik får me alltid siste augo på produktet før det vert sendt vidare til deg, og me kan halde fram med å levere den kvaliteten me ønskjer å stå inne for. På denne måten kombinerar me fleksibilitet med rasjonell og kostnadseffektiv drift. Slik får du som ein moderne forbrukar møbelet som passar deg best, til riktig pris.
​
​
VISJON
​
Ein naturleg del av heimen
speler på vårt kontinuerlige mål om å vere ein naturleg samarbeidspartner for din lokale møbelforretning. Samtidig som me også ønskjer å vise samfunnsansvar ved å gjere så på ein bærekrafig, miljøvennleg måte.
​